Møre-Nytt: Rektor i evig kamp mot utyska som et opp bøkene på høgskulen

– Kampen mot skjeggkre på Høgskulen i Volda held fram! skriv rektor Johan Roppen på Høgskulen i Volda.

Det han siktar til er insektet skjeggkre, som har etablert seg her i landet sidan 2013. 

På Høgskulen i Volda har skjeggkre vorte ei utfordring, og sidan i fjor sommar har det vore jobba for å utrydde innsektet, melder rektoren.

Fleire stader og i fleire bygg på skulen er det insektsproblem.

Også mott har vorte eit problem på delar av skulen og det er oppdaga både skjeggkre og mott i arkivrommet. Det er kjøpt inn ein frysar for å fryse skjeggkre «til døde». Det er også sett opp skjeggkrefeller i arkivet.

– Rydd på kontoret slik at det vert enkelt å halde reint. Sett ut tre, fire limfeller og det er særleg viktig når du tek ferie. Så håper vi på studiestart med færrast mogleg skjeggkre.

Les hele saken her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *