NRK: Skålabu stengt på ubestemt tid – gjekk ikkje å fryse i hel veggedyra

Håpet var at vinteren skulle ta knekken på veggedyra på Skålabu i Nordfjord. – Det var dessverre ikkje kaldt nok, seier Den Norske Turistforening.

– Vi fekk tilbakemelding frå gjester som hadde fått ganske mange bitt, seier Johnny Bjørge, som er hytteansvarleg for Skålabu.

Turisthytta ligg på toppen av Skåla (1848 moh.) i Loen i Nordfjord.

Første gong dei oppdaga skadedyra var i oktober. Då var håpet av vinterkulda skulle ta knekken på dei.

– Klarar du å få minst 7 minusgradar i hytta, dør veggedyra på nokre veker, forklarte Tommy Iversen, dagleg leiar i Vest Skadedyrkontroll.

Eitt halvt år seinare kan Skålabu gjere opp status.

Kva den viser? At veggedyra ikkje vil gje seg utan kamp.

«Vi håpet at den strenge vinteren hadde tatt knekken på veggedyra som var der, men dessverre var ikkje det kaldt nok til at alle veggedyra mista livet», skriv DNT på sine nettsider.

Les hele saken her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *